Friday, January 30, 2009

Sullabullyam

This is a poem/song written by norwegian author Edvard Hoem. It talks about how everything passes and disappears from the world; even of the most sublime things that are, no traces will be left after a time... And yet, joyously, SULLABULLYAM!!!

Når vi har forlate den rullande jord,
og vatnet og vinden stryk ut våre spor,
når alt det vi sleit med er slutt og forbi,
høyr songen vi syng om den bortfarne tid.
Sullabullyam!

Lik lyset frå stjerner som ikkje fekk namn,
lik draumen om liv i den eviges famn,
slik styrer vår lengsel frå mørker og grav
til kystar ein stad bakom himmel og hav.
Sullabullyam!

Alt vakkert skal kverve i botnlause rom.
Den søtaste smak skal bli bitter og tom.
Og du som eg elska, skal også forgå!
Vi jublar mot vårar vi aldri skal sjå!
Sullabullyam!

Så lytt til ei nynning når natta er still,
ja, lytt til vår song når vi ikkje er til.
Høyr fuglar og harper og stigande song,
frå oss som gjekk bort, men som levde ein gong!
Sullabullyam!

No comments:

Locations of visitors to this page